søndag 13. november 2011

Ord over grind


Eg klyv øve di inste grind,
og du går fram til di.
Innanfor den vert du rett så hissig,
vil ikkje ha oss forbi.

Me trenge oss lenger fram
allmannsretta gir oss tro.
Anten vi møttest tidt eller sjeldan
var møtet tillit og ro.

Står du der neste dag eg kjem
vil eg framleis ikkje snu.
Eg suser rett forbi huset
og skit vel i at der bur du.

Me kjem attende neste år
med hjul over knastrande grus
Smilande når me ser deg stå der,
sint utafor ditt hus.

-Stanley Moen Vesaas