onsdag 30. mai 2012

Dalen Fløgstad


Guten dei har følgt med augo, følgjer åkerreina og fjordkanten, og trør med tanande flog innover mot byen i enden av fjorden. Kanskje er han tretti, kanskje førti år og tynn for alderen, med augo skjult bak solbriller i eit smalt ansikt som kan sjå måpande, nesten tomt ut. Nå har han det so travelt at han ikkje enser verda rundt seg. Bøyd over sykkelen, brune bein under den magre kroppen, tynne blå bukser og blå-gul trøye. Han fer over steinbrua men er annig, stannar ikkje for å sjå over bekken som går kvit i kåte kast mot fjorden der nede. Bakken er bratt og vinglete, men han merkar det ikkje, kjøyrer hardt hele vegen. Du så er så sterk, sa dei, kan ikkje du prøva deg?

Han kjøyrer oppover, andpusten og full av syre. Det er snart sommar, sola skin og no er det varmt. Han kjøyrer riksvegen så sveitta skvett. Han er sterk, no prøver han seg. Østabøvika, Vårbødalen, Grasdalen, Tysselandslia. Enser ikke vegen han trør på, tråkk for tråkk forbi bøane, gjennom det kunstgjødsla kulturbeite og opp gjennom blandingsskogen, med ask og or og gran og hatlekrullar og furu og stor eik. Han trør forbi Tråsavika, kor Dr. Love hevda å ha hatt seg i bekken, Smeavika, Djupadalen renn han forbi. Han kjem Åsen, to blakke polakkar står langs vegen, gnir tomlane, viftar bort klegg og fluge, han kallar dei bøtjuvar, luskar i skuggane og jortar. Han fer over Halvardsløypet, gjøna jorda ved Ilstad. Han syklar no i rykk og napp. Over han steilar kvite hestar av godverskyar mot middagssola. Han tar dei fast i taum, leiar seg øver styret og galopperer av stad mot det blodige slaget som blir utkjempa over Svandalsfjella når sola går ned i vest. Over aksla ser han fiendane. Der kjem dei. Ein hær i lycra kjem raskt bakfra gjennom grøne tre mot Solland. Her nyttar det ikkje sitja i ro, nei! Best å rømma. Han tar ut igjen, gire tungt ned mot Bølnes, forbi den store steinen kor ho frå søndagsskulen sa ho hadde fått ein steven i rassen, nett så ein hund! Føtene hamrar pedalane som blastbeats frå tidleg Sepultura, og blodet lagar trommelydar i øyro. Er han langt nok i frå? Kjem dei? Lyden av karbonhjul over asfalt mellom høge tørre furulegger, langs vegen som ormar seg seg rundt dei solvarme steinane. Der framme er eit svart hol, og han kjenner seg så trøytt, så trøytt, og krampa stikk i leggen, men der framme går vegen i eit svart hol i fjellet. Smale blektar, fuglane syng, hjarta slår mot brystet, ein slurk frå flaska. Han forsvinn i det svarte holet ved Hangandvika, no er dei andre snart i kapp.

Tunellen er sval og mørk, han er så trøytt, så trøytt, her inne er svalt og mørkt. Ut av mørket og inn i sommaren, han kjenner det no, kor varmt det er. Han er langs fjorden no, det går så fort, og han er slik i hør og heim at han merkar først no at dei er i kapp. Svandalsfossen dusjer dei med vakre små svale dråpar vatn før dei tar fatt på den siste motbakken opp over Saudasjøen. Ein kar i kvit serk skyt fart og ein blå-gult renn etter, nå må han ikkje tulta seg heilt vekk! Nå ser dei taket på fabrikken. Dei er oppe, berre ei kort legd igjen. Og der ligg Grand Manila, doft av sur oppkast og brotne løfte frå like før stengetid. Dei svinger inn på Rådhusgata, ho er vidsynt og fri, men langs ho står folkemengda. Langs husveggane står menn og kvinner, gut og jente og heier dei frem. Myser mot syklistane så nå fer dei siste metrane opp gata. I enden ein kar i sekstiåra, shorts, lys skjorte. Han kiker på klokka, så på ei eske så nesten alltid gjer feil. Det står QuickTime på ho. I det han ser opp bykser ein yndling med trøye som kardinalar kledde i raud skarlagen først over linja, dei kjem alle inn over linja. Men alle ser på guten som kom framfor dei og freistar få pusten igjen. Mengda jubler, det kvin i kork over karbon når syklane skal stoppa i Fløgstadvegen. Dei snur att, slår kverandre på aksla, seier bra kjøyrd.

Ein av dei i blått har endelig fått igjen pusten. Han set seg ikkje. Han er grann i målet. Orda kjem i støytar. Eg skulle seia, seier han. Eg skulle seia det at kakebordet i mål under Haugesund – Sauda alltid er det beste kakebordet i heile sesongen. Og eg skulle seia det, at kake er det beste eg veit.










10 kommentarer:

Anonym sa...

Stanley! Dalen Portland, Grand Manilla! Drømmende og flyktig i fortellerstilen, inspirert av latinamerikansk litteratur. skulle trudd du var oppvokst i åbøbyen og far din va smelteverksarbeider.

Bøyer meg i støvet...

Helmer Berre sa...

Syklingas Jon Fosse!!!

Chassi sa...

Eller Frode Grytten. Eller eigentleg luktar det ein slags klokskap som ikkje finst andre stader.

Ivar sa...

Fantastisk lesning Stanley! Hvor tar du det fra?

Stanley sa...

Eller Kjartan Fløgstads Dalen Portland som tittelen antyder?

Et eller annet sted klasker nå en norsklektor vaginakulene sine i kateteret i sinne.

Anonym sa...

Stanley, fantastisk som alltid.

Ellers legg eg merke til at Brudd kongen virker over gjennomsnittet inspirert på bildet... :-o På

Så inspirert at eg ville vært bekymra om eg satt foran på huk....

Lycra er avslørande på så månge vis...

:-)

Anonym sa...

åh harreguuud så løye!

Erlend sa...

Køyrande sine fakskvite brimhestar, støypande ut or æveheims orgskrullar ytst ved avgrunnen.....

Kven skulle trudd at Arne Garborg ville gjenoppstå som ein sprett frå Stavanger i gul og blå kondomdress? Kvar er Hulda?

Anonym sa...

Ja, kor e Hulda ?

Stanley sa...

Hulda den skjøgen har flyttet til Christiania og drikker absinth med Oda Krogh og Hans Jæger.